VÅGSBERGET
Vågsberget i Vågsøy kommune er ein av dei best bevarte handels- og gjestegjevarstadar langs kysten.
Bygningane på staden er frå kring 1800, men handelsstaden har røter tilbake til 1600 talet.
Eigaren på Vågsberget hadde handels-privelegium frå kongen med einerett til handel med ei rekkje varer.
Folk i nærområdet kom lett i gjeld til handelsmannen. Privelegiet fall bort etter 1814.
Har du lyst å lære meir om den spanande historia til handelsstaden Vågsberget, så held Kystmuseet ope her i sommarsesongen med guida omvisning i dei historiske husa, og utstilling og kafé i driftsbygningen.
Utanom sesongen kan grupper gjere avtale om omvisning med Kystmuseet, og du kan leige lokale
til møter og selskap.
Planlegg ditt besøk
Adresse
Vågsvåg, ksf@misf.no |
Opningstider 2021
21-jun.-15.aug | torsdag til søndag | Kl 12-17 |
Billettprisar
Vaksne | NOK 50,- |
Born 0-18 år | Gratis |
For meir informasjon besøk Kystmuseet sin nettstad.