Sogn og Fjordane Kunstmuseum – Ekstraordinære innkjøp til samlinga:

Pressemelding innkjøp til samlinga

Karoline Hjorth og Riitta Ikonen: Innkjøp fra serien “Eyes as Big as Plates”, 2012 - 2019

Musea i Sogn og Fjordane har kjøpt inn 34 kunstverk til samlinga ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum, med nytt tilleggstilskot frå Kulturdepartementet i høve koronapandemien. Etter to rundar med ekstraordinære innkjøp har MiSF no kjøpt inn totalt 75 kunstverk av 47 kunstnarar.

- Gjennom desse tilskota får museet ein gylden sjanse til å sikre seg kunst som supplerer samlingane på glimrande vis, seier Avdelingsdirektør for Kunst i Musea i Sogn og Fjordane, Tor Martin Leknes.

Eit innkjøpsutval ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum har valt ut kunstnarar og kunstverk med utgangspunkt i dei retningsliner som følgjer av tilskotsbrevet frå Kulturdepartementet, i tillegg til eigne føringar for innkjøp som utvalet har utarbeida. I tråd med tilskotsbrevet har det vorte kjøpt inn kunstverk frå nolevande kunstnarar som bur og verkar i Noreg, og utvalet har arbeidd for å treffe ei rekke ulike galleri og visningsstader i fleire delar av landet. Som i førre innkjøpsrunde har det vorte kjøpt inn verk både frå etablerte og yngre kunstnarar, med eit vidt spenn i ulike teknikkar, material og tematikk.

Det vart gjort nokon andre prioriteringar i denne runden med innkjøp enn den førre, men hovudlinene har i stor grad lagt fast. I val av kunstnarar og kunstverk, har utvalet denne gongen jobba langs følgande «hovudspor»:

  • Kunstverk som speglar mangfaldet av kunstnarar i Noreg, som fremmer ein bred representasjon og løfter fram underkommuniserte historier i samfunnet
  • Tette hol i samlinga og sikre breiare representasjon av kunstnarskap som allereie er i samlinga, for å auke breidda i samlingas ulike fagtradisjonar og generasjonar  
  • Vekt på utjamning av kjønnsbalanse i representasjon av kunstnarar og kunstverk
  • Kunstnarar som jobbar innanfor uttrykksformene fotografi, teikning, tekstil, keramikk og video

Ei evaluering av samlinga i samband med nytt tilleggstilskot, viste at teknikkar som teikning, tekstil, keramikk og video som var underrepresentert i samlingane våre, samt fotografi og grafikk av kvinnelege kunstnarar. Dette speglar ikkje det norske samtidskunstfeltet, og ei målsetting for utvalet vart difor å gjere innkjøp som kunne bidra til at samlinga i større grad avspeglar dagens kunstfelt.

- I februar vil vi opne ei utstilling som visar eit tversnitt av kunsten som er innkjøpt gjennom dei ekstraordinære tilskota. Det vert ei utstilling å sjå fram til – publikum kan verkeleg gle seg, seier Leknes.

Musea i Sogn og Fjordane har denne gongen kjøpt inn 34 verk av 18 kunstnarar, altså er det i fleire tilfelle kjøpt inn fleire verk av same kunstnar. Dette er dei nye ekstraordinære innkjøpa til Sogn og Fjordane Kunstmuseum si samling:

  • Kwestan Jamal Bawan: Utan tittel
  • Heidi Bjørgan: Rosa på grøn pute
  • Heidi Bjørgan: Stor grøn vase på gult stett
  • Heidi Bjørgan og Trine Hovden: Sylinder
  • Heidi Bjørgan og Trine Hovden: Vase m/topp
  • Julie Ebbing: To be an artist you have to scream
  • Ane Graff: Quarried
  • Karoline Hjorth og Riitta Ikonen: Eyes as Big as Plates #Inger
  • Karoline Hjorth og Riitta Ikonen: Eyes as Big as Plates #Jacob
  • Karoline Hjorth og Riitta Ikonen: Eyes as Big as Plates #Tuija
  • Simone Hooymans: Sweet Mysterious
  • Hilde Honerud: Utan tittel
  • Hilde Honerud: Utan tittel
  • Trine Hovden: Makkulert objekt
  • Trine Hovden: Liggende form
  • Rebecca Jafari: Fredløs
  • Rebecca Jafari: Fredløs
  • Rebecca Jafari: Fredløs
  • Susanna Kajermo: Ensamtståande
  • Kay Arne Kirkebø: Jegerprøve
  • Kay Arne Kirkebø: Lovpris sola
  • Kay Arne Kirkebø: Garderobeprat
  • Anne Tveit Knutsen: Am I Too Loud I
  • Anne Tveit Knutsen: Am I Too Loud II
  • Kamilla Langeland: Full moon by the oaks
  • Elsebet Rahlff: Bedekningstekstilen
  • Elsebet Rahlff: Signalflagg
  • Zdenka Rusova: Penetrering
  • Zdenka Rusova: Profil
  • Zdenka Rusova: Profil
  • Zdenka Rusova: Utan tittel
  • Zdenka Rusova: Utan tittel
  • Unn Sønju: Raw is war, war is raw
  • Astrid Wittersø: Ålhus i Jølster

 

Kontaktperson:
Avdelingsdirektør Kunst, Tor Martin Leknes
Musea i Sogn og Fjordane

torlek@misf.no / 466 93 897