SOGN OG FJORDANE KUNSTMUSEUM


SOGN OG FJORDANE KUNSTMUSEUM

Sogn og Fjordane Kunstmuseum  finn du i Førde sentrum i eit bygg som har fått ein internasjonal pris for sin særprega arkitektur. 
Kunstmuseet syner basisutstillingar frå samlingane, og skiftande utstillingar med samtidskunst. 

Samlinga er på over tusen verk, og syner regional og nasjonal biletkunst og kunsthandverk frå 1900-talet og fram til i dag, med hovudvekt på tida etter 1970.

På varme sommardagar kan ein nye finveret på takterassen i 4.etg. Ta gjerne turen innom kunstbutikken, som byr på eit variert utval, eller Kafé Sobra som byr på ein meny av heimelaga
varme og kalde rettar. 

Planlegg ditt besøk:

Adresse: 

Storehagen 1
6800 Førde
Tlf: +47 974 21 565

post@sfk.museum.no
 

Opningstider 2020

2.juni - 22.desember   Tysdag - sundag   Kl 11-16   

Billettprisar

Utan guiding  
Vaksne NOK 90,-
Barn 0-18 år Gratis
Honnør/student NOK 50 
Grupper 10+ NOK 75,-
Med guiding  
Grupper 10-20 pers NOK 100,-

* Rabatt for grupper gjeld berre i ordinær opningstid.

For grupper færre enn 10 pers, så er prisen for omvisning 1000,- kr. 

For meir informasjon besøk museet sin nettstad.