Aud Marit Skarrebo Holmen er mottakar av Sogn og Fjordane Kunstmuseum sitt produksjonsstipend 2020 på kr 100 000 med midlar frå Bildende Kunstneres Hjelpefond

Kunstfagleg råd ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum gjorde i møte 11.11.2020 einstemmig vedtak om å innstille biletkunstnar Aud Marit Skarrebo Holmen til det regionale BKH-stipendet 2020 på   kr 100.000. Styret for Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane slutta seg til innstillinga i møte måndag 14. desember.

Rådet har lagt vekt på at prosjektet «ORD OG STED» har omfamna heile Sogn og Fjordane-regionen og har inkludert fleire kunstnarar. Prosjektet har so langt famna både seminar, workshop, utstilling og kunstvandring. Det er prisverdig med alt arbeidet som er gjort so langt med seminaret, og gledeleg at prosjektet no blir sluttført og tilgjengeleggjort i bokform for ein større krins. Prosjektet har og motteke bidrag frå solide offentlege og private støttespelarar, og Kunstfagleg Råd ønsker med tildeling av stipendet å sikre at det vert ferdigstilt.

BKH regionale tildelingar

Stipendet «Delegerte tildelingar» frå Bildende Kunstneres Hjelpefond (BKH) har som formål å styrke det regionale kunstfeltet knytt til kunstsentera si verksemd. Kunstsenter som er slutta til Kunstsentrene i Norge (KiN) kan søke om midlar til eigne stipend eller prosjektstøtteordningar.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum ivaretar kunstsenterfunksjonane i nordfylket.

Faktaboks

Kva: BKH-stipend 2020 (delegerte tildelingar)
http://kunstfond.no/tilskuddsordningerogstipend#delegerte-tildelinger

Kven: Aud Marit Skarrebo Holmen  heimesider: http://www.amsholmen.no 

 

Kort om museet

Sogn og Fjordane Kunstmuseum ligg i Førde sentrum. Kunstmuseet sitt arbeidsområde er regional kunsthistorie, med vekt på 1900-talet og samtidskunst, og er den viktigaste staden for framvising av kunst i Sogn og Fjordane. Kunstmuseet samarbeider i det nasjonale kunstmuseumsnettverket og er engasjert i internasjonale utstillingar og samarbeidsprosjekt. Museet har og ansvar for kunst­senterfunksjonar. Sogn og Fjordane Kunstmuseum har i tillegg driftsansvar for Astruptunet, Eikaas­galleriet og Sogn Kunstsenter. Sogn og Fjordane Kunstmuseum er ein del av stiftinga Musea i Sogn og Fjordane.

 

Kontaktpersonar

Aud Marit Skarrebo Holmen

Biletkunstnar og stipendmottakar

amsholmen@gmail.com

Tlf. +47 911 67 531

Kjartan Aa Berge

Konst.avd.direktør, SFKM

kjartan.aa.berge@misf.museum.no

Tlf. +47 414 46 439