Foto: Kjartan Aa Berge/Musea i Sogn og Fjordane

Administrerande direktør Kjartan Aa Berge har sagt opp stillinga si ved Musea i Sogn og Fjordane. Han vil ha sin siste arbeidsdag 13.august.

«Det er med tungt hjarte eg har valt å seie opp stillinga mi som administrerande direktør for Musea i Sogn og Fjordane», seier Aa Berge.

Den avtroppande direktøren er særleg audmjuk for å ha fått leie Musea i Sogn og Fjordane i ei brytningstid inn i eit nytt og sterkt museumsfylke;

«Når eg les den nye museumsmeldinga kan eg slå fast at Musea i Sogn og Fjordane er godt budd til å halde fram som ein viktig museumsinstitusjon i det nasjonale museumsnettverket generelt og Vestland fylke spesielt. Det gler meg. Dette er mykje takka vere den omfattande omorganiseringa og det systematiske planarbeidet som musea har vore i gjennom dei siste åra. Eg vil rette ein stor takk til alle dei tilsette og styret for godt samarbeid i denne prosessen.»

Aa Berge gler seg også over at han har fått lov til å legge til rette for at Musea i Sogn og Fjordane kan løyse ut nærare 100 millionar kroner til ulike investeringsprosjekt framover: nytt museumsmagasin i Angedalen, ombygging av administrasjonsbygg i Movika og til sist nytt verne- og formidlingsbygg til Holvikejekta;

«Dette arbeidet hadde det ikkje vore mogeleg å lykkast med utan gode medarbeidarar. Eg er takksam for å kunne oppnå slike resultat gjennom godt lagarbeid med flinke folk.» avsluttar han.

Styreleiar Ivar Kvalen takkar Aa Berge for innsatsen;

«Vi tykkjer det er synd at Kjartan gjer seg no, men respekterer sjølvsagt valet hans. Eg vil takka han for den innsatsen han har gjort og resultata han har oppnådd for Musea i Sogn og Fjordane dei fira åra han har vore her, og ønskjer han lukke til vidare.» seier Kvalen.

Styret i Musea i Sogn og Fjordane vil no førebu ein tilsettingsprosess for å finne ny administrerande direktør i ein seks års åremålsstilling.

 

Sandane/16.4.2021

Kontaktperson:

Administrerande direktør Kjartan Aa Berge

tlf. 41 44 64 39 / kjartan@misf.no

 

Styreleiar Ivar Kvalen

tlf. 95 19 18 29