Kulturminister Abid Raja gjorde i dag kjent at Kulturdepartementet løyver ein ny million til innkjøp av kunst. Musea i Sogn og Fjordane har dermed fått ekstraordinære løyvingar på to millionar kroner til kunstkjøp i år. Den nye løyvinga gjeld for 2021.

«Dette er svært oppløftande, og det er gledeleg at ordninga forlengast til å gjelde også for 2021. Musea i Sogn og Fjordane er allereie godt i gang med å nytte den første millionløyvinga. I samband med dette arbeidet har vi hatt eit særleg fokus på å sikre brei representasjon av kunst og kunstnarar, mellom anna med omsyn til kjønn, alder og etnisitet», seier administrerande direktør Kjartan Aa Berge.

 Sjå også Kulturdepartementet si nettsak:

 https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/103-millionar-til-filmbransjen-norsk-kulturfond-og-visuell-kunst/id2790524/