NORDFJORD FOLKEMUSEUM
Nordfjord Folkemuseum på Sandane vil du få eit innblikk i historia til regionen, med eit spesielt fokus på vasskraft og jektefart.
Friluftsmuseet består av 44 antikvariske bygningar frå 1600-, 1700- og 1800-talet. Bygningssamlinga inneheld stover og stabbur, eldhus, låver og fjøs, stall og støyl, hunde- og hønsehus, samt ei skulestove og et fargeri. Museet har tematisk ansvar for vasskraft i Sogn og Fjordane og fungerande kvernhus, stampe, sag og hjulhus ligg langs elva knytt saman av dammar og renner.
Ved fjorden like utanfor Sandane sentrum finn du museumsfartøyet Holvikejekta bygd i 1881. Den 20 meter lange båten er den einaste av dei store norske fraktejektene som er bevart i original stand.
I administrasjons- og utstillingsbygget er det skiftande utstillingar, museumsbutikk og enkel kafé.
Planlegg ditt besøk
Adresse
Gota 16 6823 Sandane Tlf: +47 460 63 234 nfm@misf.no |
Opningstider 2021
April-20.juni | tysdag - fredag | Kl 11-17 |
21.juni-31.august | Alle dagar | Kl 10-18 |
Resten av året | tysdag - fredag | Kl 11-17 |
Billettprisar
Vaksne | NOK 100,- | ||
Born 0-6 år | Gratis | ||
Born 7-18 år | NOK 50,- | ||
|
NOK 100,- |
* Må bestillast på førehand og minimumspris er kr 1.000,-
For meir informasjon besøk museet sin nettstad.