Jan Heggheim, adm.dir MiSF Foto: Vestland Fylkeskommune

Kronikk av administrerande direktør Jan Heggheim - Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Historia til sogningen og fjordingen er viktig når framtidige generasjonar skal forstå kven dei er og når dei skal finne sin plass i det framtidige samfunnet. Musea definerer at vi har ei viktig rolle å spele. Skal vi fylle denne rolla, må vi gjere det på ein måte som dagens barn, ungdom og unge vaksne forstår. Det gjer at vi må framstå slik at vi betyr noko for dei. Det er det som heiter å vere relevant.

 

Status etter 100 dagar

Desse vekene er det 100 dagar sidan eg fekk lov å begynne som leiar for Musea i Sogn og Fjordane (MiSF). Sidan dette har etablert seg som ein slags «fredingsperiode», kan det vere på tide å stikke hovudet fram og meine noko.

Eit museum i den moderne tydinga er «lokale, bygning (eller område med bygninger) hvor en samling (samlinger) av kunstverker, gjenstander eller bygninger av kultur- eller naturhistorisk interesse oppbevares og er tilgjenglig for publikum» (kjelde: Det Norske Akademis Orbok). Opprinneleg er det frå det greske ordet mouseion, ein stad eller tempel tileigna musene (skytsguddommar for kunst), altså ein bygning for studiar og kunst.

Begge desse tydingane er relevante for Musea i Sogn og Fjordane. Vi har 12 museumsstader i det gamle fylket, inklusiv fire som er til rein kunstformidling og forsking. Åtte er altså det vi kan kalle for kulturhistoriske museum, det dei fleste på våre kantar forbind med museum i sitt lokalområde. Vi skal halde ved like 154 museale bygg og 16 driftsbygningar, og skal forvalte 165 000 gjenstandar.

 

Starta med små bygdetun

Byrjinga for dei kulturhistoriske musea var bygdetun, dei fleste av desse var små einingar, med svak driftsøkonomi og få årsverk. Eit mogleg unntak i vår portefølje var De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, som i vår målestokk var mellom dei større.  Også dei var i ein vanskeleg ressurssituasjon. I ein NOU frå 1996 talde dei drygt 500 museum i landet. Den kompetanse som fanst, måtte spreie seg på alle område: Mottak og bevaring, vedlikehald, formidling og slått av enga som høyrde til bygdetunet. Lenge var det også det viktigaste: At tunet såg velstelt ut. At gjenstandar hopa seg opp, mange av dei lagra under svært kritikkverdige forhold, var det berre eit fåtal som såg. At det var så som så med forsking og dimed forståing av samanhengane, at formidlinga vart statiske utstillingar som stod i opp til 30-40 år, var ubehageleg å vite for dei innvidde, og etter kvart ei synleg problemstilling.

Dagens museum er eit resultat av ein stor prosess med så slå saman ei rad museum, og MiSF er eit resultat av denne ryddeaksjonen. Vår jobb er å la kompetente menneske arbeide med det dei kan best. Det handlar om å løfte vekk administrative oppgåver som er dei same kvar du enn er, og la folka lage relevante formidlingsopplegg, drive profesjonell bevaringsaktivitet, og halde ved like bygg og landskap på ein historisk korrekt måte. På denne måten får vi også høve til å la forskarane forske, MiSF er ved inngangen til 2022 vert for eit større forskingsløft der alle musea i Vestland er med. Det ville vere utenkjeleg med den tidlegare strukturen. MiSF er eit av dei største musea i Vestland fylke.

 

Nye meiningsbærarar

Den såkalla konsolideringsprosessen har for nokre verka sentraliserande. Oppgåver er flytta og mange føler redusert påverknad. På den andre sida seier nestor i kulturdepartementet, Stein Sægrov følgjande:

«I 1980 og 1990-åra var det ei handfull museumsdirektørar frå dei store byane som meinte noko om museumsutvikling. No er det ei mengd meiningsberande museumsleiarar frå heile landet. Eg meiner museumsreforma har verka desentraliserande.»

Dei tidlegare musea var eigde av stiftingar og sogelag, med mange entusiastar som har lagt ned ein formidabel, som regel utbetalt innsats. Etter samanslåinga har nokre late seg slå saman med MiSF, medan andre gjerne vil halde fram som før, ofte med den grunngjevinga at ein vil halde på lokal medverknad og ikkje misse kontakten med lokale brukarar. Den uroa er forståeleg, men våre folk dyrkar kontakten gjennom dagleg drift, gjennom kontakt med barnehagar og skular, gjennom temadagar og vonleg gjennom eit større tal relevante og tankevekkande utstillingar og formidlingsopplegg. Dersom ein vurderer aktiviteten i dei stiftingsstyra som er att, er det ikkje gjennom dei vi får til moderne, relevante museum med brei samfunnskontakt. Dessutan er det på tide å slutte å nedvurdere arbeidet i styret i MiSF, medlemmane der har omsut for lokalsamfunna som dei fleste andre.

 

Kvar plogen skal stå

Eigarstiftingane eig bygningar og samlingar, men driv verken formidling, bevaring eller forsking. Konsekvensen er at MiSF er sett til å forvalte samlingar og bygningar vi ikkje eig, og det er problematisk. Har vi åtte like plogar i samlinga, har vi trong for å ta vekk kanskje seks av dei. Men dersom vi eig berre to, kva då?

MiSF renoverer eit fabrikkbygg i Angedalen ved Førde til fellesmagasin, som skal ta seg av gjenstandar frå alle musea. Vi begynner vonleg bygginga av vernebygg for Holvikejekta i 2022. Utenkjeleg med dei tidlegare musea.

Samanslåing er offentleg norsk museumspolitikk som ein kan meine det ein vil om. Eg har delteke i arbeid med samanslåing av ulike einingar både i tenesteytande og vareproduserande sektor. Der er ikkje mange måtar å gjere dette på, konsolideringa i  Sogn og Fjordane er minst like god som elles i landet.

 

Ønskjer innspel og idear

Å leie arbeidet med å ta vare på fortida og dokumentere samtida på området kunst og kultur kjennest meiningsfylt. Det er ei glede å arbeide saman med så entusiastiske og dyktige menneske. Vi, som alle andre, treng innspel og idear, og det er kjekt om slike kan kome også utan å gå via lokalavisa.

Fanst der homofile på bygda i gamle dagar? I 2022 er der 50 år sidan menn kunne ha sex med menn utan å bli straffa. Kvinnene var ikkje omfatta av lova, eit interessant moment åleine. Der er førebels lite i våre utstillingar og i historiske årbøker om dette emnet. Kan vi rette merksemda mot noko som vekker interesse?

Vi får sjå, som far min seier.