Holvikejekta - status i arbeidet med formidlingsbygg

Holvikejekta var bygd i 1881 i Krånafjøra på Sandane. Ho er den einaste opphavelege klinkebygde jekta som er bevart i Noreg. Ei jekt er ei brei, lita seglskute som har ei mast med råsegl og er utan fast dekk. Den har høg stamn og tverr akterende, ofte med eit rom med eit eller to glas. Storleiken på jektene har variert frå under 10 meter lengde til over 20 meter.

Truleg overtok fartøytypen etter vikingtida sitt handels- og fraktefartøy, knarr. Jektene blei brukt som fraktefartøy langs heile kysten, frå Hardanger i sør til Finnmark i nord. I fleire hundre år var jektene fartøyet som frakta varer mellom bygdene og Bergen, men kring 1900 vart jektene utkonkurrerte av skip med motor. Jektene vart ombygde eller destruerte.

I Gloppen var ein så heldige at det nystifta Nordfjord Sogelag kjøpte jekta i 1909 for å ta vare på den for framtida. Sogelaget jobba for å etablere eit museum, og jekta vart den første gjenstanden.

Tomta jektenaustet stod på vart i 1910 ble skilt ut frå garden Austrheim, slik at Gloppen kommune kunne kjøpe tomta. «Desse tvo jordstykki vil heradsstyret yverlata til museet med gaavebrev til fullt raadvelde», kan ein lese i museumsprotokollen.

Etter over 100 år på land treng Holvikejekta treng eit bygg som vernar ho mot sterk sol og temperaturforskjellar, og som hindrar forvitring, utsiging, skadedyr og rote. Samstundes ynskjer vi å gje besøkande ei betre oppleving av denne «sjøens stavkyrkje».

Arbeidet med å få på plass eit verne- og formidlingsbygg har pågått lenge. Det var utarbeidd eit forprosjekt i 2013, og Gloppen kommune søkte Kulturdepartementet nasjonalt kulturbygg i 2016 og 2017. Her var budsjettet 55 mill. kr, med ein eigenandel frå Gloppen kommune på 14 mill.

Gloppen kommune fekk avslag på søknaden frå 2016, med grunngjeving at den var mangelfull. I vurderinga som lå vedlagt avslaget, vert jekta anerkjend som eit svært viktig kulturminne, men «så lenge prosjektet ikke er mer detaljert beskrevet er det vanskelig å se om dette [bygget] er realiserbart og hva som eventuelt må til for at anlegget skal driftes godt».

Kommunen valde likevel å sende same søknad til Kulturdepartementet i 2017. I avslaget denne gongen står det «Søknaden kommer fra Gloppen kommune, og etter Kulturrådets vurdering er det et tydelig behov for at prosjektet bedre integreres i museets søknader og planer».

Frå 2018 tok Musea i Sogn og Fjordane over prosjektet. Vi gjorde bygget over 20 mill. kr rimelegare. Vi utarbeidde formidlingsplan, sikringsplan, hyra arkitekt og fekk laga forprosjekt.

Bygget er budsjettert til 32 mill. kr.og Musea i Sogn og Fjordane har sidan 2018 søkt Kulturdepartementet 10 millionar kroner og Fylkeskommunen om 10 millionar kroner. Gloppen kommune har eit eige vedlegg til søknadane der det m.a. står «Som vertskommune for Holvikejekta vil kommunen vere positiv til å delta i eit spleiselag for å få realisert bevarings- og formidlingsbygget, og i gjeldande økonomiplan er det førebels sett av 10 mill. kr. til prosjektet». Her var det også stadfesta at «arealet rundt jekta er sikra med tanke på å innlemme området i ei museal tenking».

For kvart år har museet lagt ned arbeid i å ytterlegare konkretisere prosjektet. Vi har utarbeidd skisseprosjekt og prospekt. Vi har kosta tilstands- og tiltaksrapport, detaljerte arkitekt-teikningar og byggteknisk rapport. Museet stå for drifta når bygget er på plass. «Museumsnytt har fått innsyn i Kulturrådets vurdering av prosjektet for 2021-budsjettet, og her skriver de blant annet at «Ut fra en samlet vurdering er Kulturrådet positive til planen for et nytt verne- og formidlingsbygg for Holvikejekta ved Musea i Sogn og Fjordane, og anser søknaden som ytterligere styrket og med god økonomisk forankring.»

Her kan du sjå prospektet.