DE HEIBERGSKE SAMLINGER - SOGN FOLKEMUSEUM

DE HEIBERGSKE SAMLINGER - SOGN FOLKEMUSEUM

Velkomne til eit av Noregs største og eldste folkemuseum!

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum er eit friluftsmuseum med bortimot 40 historiske bygg frå mellomalderen fram til vår eiga tid. Friluftsmuseet ligg i eit flott natur- og kulturlandskap, med slåttemarker, åkrar og beiteområde. Her er gangevegar og stiar, leikeplassar og naturløyper, som gjer det til eit attraktivt turområde både for store og små.

Store delar av kulturlandskapet på museet er knytt til 1800-talets jordbruk, og i sommarsesongen driv museet ein gard slik dei gjorde det i Sogn for omlag 150 år sidan.

Museumsgarden skaper liv i museet, og ikkje minst for borna gir husdyra museumsbesøket ein ekstra dimensjon. På garden kan de helse på dyr av eldre, lokale rasar, mellom anna kyr, sau, gris og høner. På friluftsmuseet er det lagt til rette for at born skal trivast. Her finn de ei mengde aktivitetar, leikeområde, naturløyper og eventyrskog, der born og familiar kan boltra seg og oppleve natur, kultur og levd liv i Sogn.

I museet sin store hovudbygning finn ein utstillingar knytt til jordbruk, handverk, tekstilar og klede, mat og drikke, og ei utstilling knytt til høgtidsdagane våre. Ein kan sjå gamle handverkarverkstader, gå på besøk til det gamle tannlegekontoret eller kika inn i den gamle krambua. Ei eiga utstilling for born og unge syner korleis bornas kvardagsliv arta seg på starten av 1900-talet og korleis unge sogningar hadde det i år 2000. Her er det og leike- og aktivitetsområde der borna kan prøve seg på gamle leiker.

I hovudbygningen ligg også museumsbutikken og den Debio sertifiserte museumskaféen vår, Kafé Heiberg. Kaféen tilbyr eit utval økologiske forfriskingar, varmt og kaldt drikke, samt noko å bita i.

Aktivitetar:

  • Omvising. Bli med inn i dei gamle bygga og høyr om levd liv i Sogn. Måndag - fredag kl. 12:00, juni - august.
  • Fôring av dyra. Bli kjend med dyra på garden og bli med å gje dei mat i lag med bonden. Kvardagar kl. 14:00, 23. juni – 4. august.
  • Museumsonsdag. Opplev tradisjonelle aktivitetar, handarbeid eller gardsarbeid på museet. Kvar Onsdag, 23. juni – 4. august. Sjå heimesida, Facebook eller Instagram for detaljert program.
  • Gratis audioguide på norsk, engelsk og tysk.


Planlegg ditt besøk

Adresse

Vestreim
Mannhellervegen 643
6854 Kaupanger


Tlf: +47 57 67 82 06

dhs-sf@misf.museum.no

Opningstider 2021

Juni - August Alle dagar Kl 10-17
Mai og september Tysdag til søndag  Kl 10-15
Oktober - april Tysdag til søndag kl 10-15
  Museet er stengt i samband med jul og påske.
   
   

Billettprisar

Vaksne NOK 80,-
Born 0-3 år Gratis
4 - 17 år                    NOK 40,-
Student / honnør NOK 70,-
Familie NOK 200,-
Grupper med eigne guide NOK 100,-

I juni, juli og aug inkl billetten og Sogn Fjordmuseum

For meir info besøk deira nettstad.