DHS-SF
                                                                                               Foto: Espen Mills, De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Om Musea i Sogn og Fjordane

Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) si oppgåve som museum er å dokumentere, forske og formidle natur-, kulturarv og kunst i Sogn og Fjordane. Etter den siste regionreforma er vi no ein del av det nye Vestland fylke, og Musea i Sogn og Fjordane er eitt av ti konsoliderte museum i Vestland fylke.

Vi hadde i 2019 eit samla besøkstal i MiSF på over 57.540 besøkande. 

Visjon 

«Musea i Sogn og Fjordane skal vere ein relevant og aktiv samfunnsaktør innan kunst og kulturarv»

Etablering og historikk 

Musea i gamle Sogn og Fjordane fylke vart konsoliderte til Musea i Sogn og Fjordane 1. januar 2009 ved avtale og vedtekter dagsette 14. januar 2009. Følgjande sjølvstendige museum er i dag med i MiSF

  • De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum
  • Norsk Reiselivsmuseum
  • Kystmuseet i Sogn og Fjordane
  • Nordfjord Folkemuseum
  • Sogn og Fjordane Kunstmuseum
  • Sunnfjord Museum
  • Stiftinga Norsk Kvernsteinssenter 

Den konsoliderte eininga er organisert som stifting og har følgjande føremålsparagraf: "Stiftinga sitt føremål er å drive museum. Stiftinga skal drive innsamling, bevaring, dokumentasjon, forsking og formidling. Stiftinga skal kunne drive anna kulturell verksemd. Museet skal drive inntektsgjevande verksemd med naturleg tilknyting til hovudverksemda, det vil seie verksemd som er med på å realisere stiftinga sitt ideelle og kulturelle føremål, som konsulent- og spesialtenester, kafé, museumsbutikk og utleige.”