NYHENDE

Musea i Sogn og Fjordane har kjøpt inn 34 kunstverk til samlinga ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum, med nytt tilleggstilskot frå Kulturdepartementet i høve koronapandemien. Etter to rundar med ekstraordinære innkjøp har MiSF no kjøpt inn totalt 75 kunstverk av 47 kunstnarar. - Gjennom desse tilskota får museet ein gylden sjanse til å sikre seg kunst som supplerer samlingane på glimrande vis, seier Avdelingsdirektør for Kunst i Musea i Sogn og Fjordane, Tor Martin Leknes.

Pressefoto: Jan Heggheim, Foto: Vestland fylkeskommune

Jan Heggheim (59) tar fatt på rolla som ny administrerande direktør for Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane og tar med seg verdifull erfaring frå ei innhaldsrik karriere, seinast i fylkeskommunen.

Etter at noverande administrerande direktør Kjartan Aa Berge sa opp si stilling i Musea i Sogn og Fjordane i vår, har stiftinga gjennomført ein grundig rekrutteringsprosess for å finne sin nye leiar. Styret melder at prosessen er avslutta og Jan Heggheim blir ny leiar for stiftinga.

Foto: Kjartan Aa Berge/Musea i Sogn og Fjordane

Administrerande direktør Kjartan Aa Berge har sagt opp stillinga si ved Musea i Sogn og Fjordane. Han vil ha sin siste arbeidsdag 13.august.

«Det er med tungt hjarte eg har valt å seie opp stillinga mi som administrerande direktør for Musea i Sogn og Fjordane», seier Aa Berge.

Den avtroppande direktøren er særleg audmjuk for å ha fått leie Musea i Sogn og Fjordane i ei brytningstid inn i eit nytt og sterkt museumsfylke;

Kunstverk: Magnhild Øen Nordahl: The Frisbee Perpective Foto: Maya Økland/ Vestlandsutstillingen

Musea i Sogn og Fjordane har kjøpt inn 41 kunstverk til samlinga ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum, med bakgrunn i tilleggstilskot frå Kulturdepartementet i høve koronapandemien.

I Museumsmeldinga som vart lagt fram 26.mars kom det fram at regjeringa foreslår eit særskilt løft for kystkulturen og bygningsarven ved musea. Som del av satsinga på kystkultur og bygningsarv vil Regjeringa prioritere investeringsmidlar til eit verne- og formidlingsbygg for Holvikejekta.

«Dette kom svært overraskande på oss. Men det er sjølvsagt utruleg gledeleg», seier administrerande direktør Kjartan Aa Berge.