NYHENDE

Holme har ein mastergrad i historie og kjem frå stillinga som seniorrådgjevar i Fylkesarkivet i Vestland. I rolla som museumsleiar vil ho ha det faglege leiaransvaret for utstillingar, arrangement og formidling ved Kystmuseet.
Dette er ei nyoppretta stilling i musea. Bolseth har ein mastergrad i internasjonal HR-leiing og kjem frå stillinga som HR-rådgjevar hos PricewaterhouseCoopers Norge (PwC).
Våren 2019 løyvde styret i Musea i Sogn og Fjordane pengar til rehabilitering av administrasjonsbygget på Sunnfjord museum. Onsdag 9. september 2020 vart det skrive under kontrakt med Drage Entreprenør AS om arbeidet.
Dette er ei nyoppretta stilling i musea, og ho vil få overordna ansvar for alle dei kulturhistoriske musea til Musea i Sogn og Fjordane med eit særskilt fokus på formidling, arrangement og utstillingar.
Musea i Sogn og Fjordane ynskjer velkomen til deg og dine ved våre museum, og vi er glade for å kunne opne for publikum etter å ha vore stengd ned på grunn av korona-pandemien, Astruptunet opner sesongen frå 1. juni, medan dei andre stadane opnar utover i juni. Sjå nærare informasjon på under kvart enkelt museum eller på deira nettstader.