Nyhende

 

 

Leikande og lærerike aktivitetar på musea i vinterferien

Tysdag 21.februar, onsdag 22. februar og torsdag 23. februar

Ved Sunnfjord Museum vert det sett fram uteleikar og gjort klar til bogeskyting i Sersjantløa. Bålpannene vert tende opp for dei som vil grille, og kaker, varm saft og kaffi/te kan kjøpast på museet. I Huus- stova byr vi på god omnsvarme og invitererer til velkjende og historiske spel!

I tillegg kan alle delta på fletteverkstad i Utstillinga "Viva Basket"

Frå klokka 11:30-15:00. For meir informasjon: http://www.sunnfjord.museum.no

Ved De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum i Helgheimstova kan du snikre di eiga fuglekasse, og kjem du på Leirmostova
får du lage din eigen draumefangar og høyre soger og segner attåt. Det vert oppgåver, spel og andre aktivitetar både ute i friluftsmuseet og i barneutstillinga.
I museumskafeen kan du kjøpe bollar og kakao.

Frå klokka 11.00-14.00. For meir informasjon: http://www.dhs.museum.no

Vinterferie

 

 

 

 

Mange besøkte Musea i Sogn og Fjordane i 2016

Musea i Sogn og Fjordane hadde i 2016 det beste besøkstalet sidan 2012, med eit samla besøkstal på 61.082 besøkande! Auken frå 2015 er på 1,15%, som også var eit godt år. Vi ser og at fleire av våre besøksstader har god utvikling i 2016. Spesielt gledeleg er det at andelen betalande gjestar har auka med 11,9% i 2016 samla sett i Musea i Sogn og Fjordane seier marknadskonsulent Torunn Skarstad.

Foto: De Heibergske Samlinger/Sogn Folkemuseum Espen Mills

Den største auken hadde De Heibergske Samlinger- Sogn Folkemuseum (DHS-SF) med ein auke på heile 35%. Årsaken til den fine auken er at Norsk Reiselivsmuseum opna i 2016, men i tillegg har det vore mykje turistar i regionen. DHS-SF ei har hatt ein fin auke av turoperatørgrupper spesielt frå det britiske marknaden. Dei har hatt eit godt samarbeid med Visit Sognefjord, og har utvikla gode pakkar som har vore godt motteke på marknaden. Dei har og styrka den lokale marknadsføringa som har gitt god effekt.

Kvernsteinsparken har tal på same nivå som i 2015, som var eit rekordår for Kvernsteinsparken. Det nye på Kvernsteinsparken i år, var at dei og hadde grisar på området, dette var særs populært blant lokalbefolkninga. Publikum er og godt fornøgd med dei guida turane i Kvernsteinsparken med lokale ungdommar, besøkande får og lage klebersteinssmykke, kornmaling og baking av brød over bål. Dei har og hatt mange arrangement gjennom året, der Kversteinsmarknaden er det største med heile 500 deltakarar (publikum og utstillarar).

Nordfjord Folkemuseum har hatt ein auke på nærare 260 besøkande. Nordfjord Folkemuseum fekk i 2016 ny direktør, som har prøvd ut nye opplegg som var vore vellukka. Dei har gjennomført eigne arrangement gjennom heile året som fleire utstillingar, foredrag og utstillingsopningar. Nordfjord Folkemuseum har og utvida opningstidene, og har no søndagsope gjennom heile året. Dei har og samarbeid med Jeremias festivalen, Gloppen Musikkfest og Norsk Countrytreff.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum hadde ein nedgang som skuldast anna driftsopplegg ved Sogn Kunstsenter, i tillegg var det same utstilling der som året før. Astruptunet har fin auke, så vi ser effekt av lanseringa internasjonalt i 2016. Anders Svor Museum og Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde har begge ein mindre nedgang.

For Sunnfjord Museum er det ein tilbakegang på årsbasis på 600 besøkande. Dei hadde ein god sommarsesong, med god auke samanlikna med 2015. Nedgangen kjem i hovudsak av nedgang i haustsesongen. 

Kystmuseet i Sogn og Fjordane: nedgangen skuldast i hovudsak reduksjon i cruisetrafikken i Florø. Dårleg vér sommaren 2016 forklarar også ein del av det dårlege besøkstalet for enkeltbesøkande vaksne både på Vågsberget og i Florø. Skiltinga til museet i Florø er og utfordrande med tanke på tilreisande, vi har no sendt ein søknad om betra skilting til Statens Vegvesen. I 2016 ha det og vore anleggsarbeid ved Kystmuseet, somførte til at dei ikkje kunne gå ut med eit like godt tilbod som tidlegare.

Musea i Sogn og Fjordane jobbar og aktivt med å bli meir synlege for dei tilreisande med tiltak som betre skilting og meir felles marknadsføring av alle våre besøksstader, som vi håper vil gje effekt framover.

Pressemelding: /sites/sfj.museum.no/files/bilder/pressemelding_sesongen_2016.pdf

 

 

 

 

13.juni 2016 - Brosjyre for alle våre museum /sites/sfj.museum.no/files/bilder/misf_norsk_web_2016.pdf

10.juni 2016 - Ny folder for Norsk Kvernsteinsenter for sesongen /sites/sfj.museum.no/files/bilder/folder_148x148_2016trykk_0.pdf

27.april 2016 - Opning av Norsk Reiselivsmuseum 29.april /sites/sfj.museum.no/files/bilder/pressemelding_opning.pdf

7.janauar 2016 - Trur internasjonal utstilling vil lokke fleire hit http://www.nrk.no/sognogfjordane/trur-internasjonal-utstilling-vil-lokke-fleire-hit-1.12738495

30.desember 2016 - Ny blest rundt Nikolai Astrup  http://www.firdatidend.no/ny-blest-rundt-nikolai-astrup/

23.desember 2015 - Musea har fått ny direktør http://www.firdatidend.no/musea-har-fatt-ny-direktor/

4.november 2015 - Musea i Sogn og Fjordane fekk støtte til innkjøp av ei samling måleri av Knut Rumohr:
 http://www.nrk.no/sognogfjordane/brukar-over-ein-halv-million-pa-rumohr-kunst-1.12635642

15. oktober 2015  - http://www.nrk.no/sognogfjordane/fleire-besoker-musea-i-fylket-1.12603945

09. juli 2015 - Ny sjef ved reiselivsmuseet

 

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane
Epost: post@misf.museum.no Tlf.: 990 94 777 Org.nr. 994 179 136
Bankkonto: 3705 16 96647 IBAN: NO6137051696647 SWIFT: SOFJNO22
Faktura på epost: faktura@misf.no