Astrup

ASTRUPTUNET

Astruptunet er heimen til målaren, teiknaren og grafikeren Nikolai Astrup, tunet ligg idyllisk til på sørsida av Jølstravatnet.

Nikolai Astrup (1880-1928) er ein av Noregs mest kjende nasjonale kunstnarar. Hagen på Astruptunet var ei viktig inspirasjonskilde for kunsten til Astrup. Astrup eksperimenterte med tresnitt, og vart slikt ein nyskapar innan den grafiske teknikken. Han varierte oppdraga fritt og utradisjonelt, dels ved å arbeide i plata undervegs eller ved å handkolerere trykka etter at det var ferdig trykt.

Etter studiane flytta han heim for å skildre folket og naturen i Jølster. Astruptunet er ikkje berre ein kunstnarheim, men ein viktig del av kunstnaren sitt livsverk. Som i bilete til Astrup, ser vi både i eksteriør og interiør korleis Astrup sin kjærleik til for landskapet og plassen framleis ligg som ei stemning gjennom tun og rom. 

I Astrupsamlinga har vi nesten alle Astrup sine trykkplater og trykk og ein del måleri. I 2016 vart kunsten til Astrup lansert internasjonalt. 

Planlegg ditt besøk

Adresse

Sandalsstrand
6847 VASSENDEN
Tlf: +47  99 20 26 76

sfkm@misf.no

Opningstider

20.05-15.06 laurdag, søndag Kl 11-16 og onsdag Kl 17-20
16.06-15.08 Alle dagar Kl 10-17
16.08-17.09 laurdag, søndag Kl 11-16 og onsdag Kl 17-20

Billettprisar

Med guide  
Vaksne NOK 100,-
Grupper 10*+ NOK   75,-

* Grupperabatt kun i ordinær åpningstid

For meir informasjon besøk kunstmuseet sin nettstad.