DHS-SF
                                                                                               Foto: Espen Mills, De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Om Musea i Sogn og Fjordane

Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) si oppgåve som museum er å dokumentere, forske og formidle natur-, kulturarv og kunst i fylket. 
Vi hadde i 2016 eit samla besøkstal i MiSF på over 61.000 besøkande. 

Ynskjer du å bli kjend med historia og kunsten vår delta på utstillingar, arrangement og aktivitetar for heile familien ved våre 13 unike besøksstader i fylket. 
 

Etablering og historikk 

Musea i fylket vart konsoliderte til Musea i Sogn og Fjordane 1. januar 2009 ved avtale og vedtekter dagsette 14. januar 2009. Følgjande sjølvstendige museum vart med i den  konsoliderte eininga:

• De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum
• Kystmuseet i Sogn og Fjordane
• Nordfjord Folkemuseum
• Sogn og Fjordane Kunstmuseum
• Sunnfjord Museum

Den 01.01.2013 vart og Stiftinga Norsk Kvernsteinssenter i Hyllestad ein del av Musea i Sogn og Fjordane. 

Den konsoliderte eininga er organisert som stifting og har følgjande føremålsparagraf: "Stiftinga sitt føremål er å drive museum. Stiftinga skal drive innsamling, bevaring, dokumentasjon, forsking og formidling. Stiftinga skal kunne drive anna kulturell verksemd. Museet skal drive inntektsgjevande verksemd med naturleg tilknyting til hovudverksemda, det vil seie verksemd som er med på å realisere stiftinga sitt ideelle og kulturelle føremål, som konsulent- og spesialtenester, kafé, museumsbutikk og utleige.”