Ny administrerande direktør i MiSF

KJartan Aa Berge

Vår nye direktør Kjartan Aa Berge frå Hyen er no på plass. Kjartan er 46 år gamal,
og kjem frå stillinga som direktør for Ernst & Young i Førde.

Han er utdanna siviløkonom og statsautorisert revisor frå Norges Handelshøgskule,
og har også gjennomført Solstrandprogrammet til AFF. Han har tidlegare hatt leiande
stillingar i Sogn og Fjordane Energi og Fjord1, og har hatt mange ulike styreverv i
privat næringsliv og i kulturlivet. Kjartan er allereie godt i gang med å gjere seg kjend
med organisasjonen og dei ulike musea.

Kjartan er særleg oppteken av at musea er synlege, relevante og aktuelle.   

Vi ynskjer han velkomen til Musea i Sogn og Fjordane.