Eikaasgalleriet, Espen Mills

Eikaasgalleriet

Eikaasgalleriet er eit moderne kunstgalleri som ligg på Ålhus i Jølster, rett ved E39. 

Ludvig Eikaas (1920-2010) var ein av pionerane innan det abstrakte kunstuttrykket i Noreg, og kunsten hans er representert på museum i inn- og utland. Grafikaren, målaren, teiknaren, skulptøren 
og kunstprofessoren, er kanskje mest kjend for sine særeigne portrett og sjølvportrett, ofte med overraskande og humoristiske vendingar. Ludvig Eikaas var ein utprøvande og ofte spontan kunstnar, som aldri slo seg til ro med ein teknikk og eitt bestemt uttrykk. Han var mellom anna den første som tok i bruk hardplast i skulptur.

Han er representert i 10 norske kunst- museum, i tillegg til København, New York, Paris og i Firenze. Eikaassamlinga omfattar no over 850 verk i ulike teknikkar. Sesongen 2016 syner vi fram eit utval frå samlinga.

Kafé og badestrand.
 

Planlegg ditt besøk

Adresse

Ålhus
6847 Jølster
Tlf: +47 974 21 565

sfkm@misf.no

Opningstider

01.04-02.06 ons, laur, søn kl 11-16
03.06-15.08 alle dagar kl 11-17
16.08-15.10 ons, laur, søn kl 11-16


Billettprisar

Utan guide  
Vaksne NOK 50,-
Born 0-18 år Gratis
Grupper 3+ NOK 35,-
Med guide  
Vaksne NOK 75,-
Honnør NOK 50,-
Grupper 10*+ NOK 50,-

* Grupperabatt kun i ordinær åpningstid

For meir info besøk kunstmuseet sin nettstad