VÅGSBERGET

VÅGSBERGET

Vågsberget i Vågsøy kommune er ein av dei best bevarte handels- og gjestegjevarstadar langs kysten

Bygningane på staden er frå kring 1800, men handelsstaden har røter tilbake til 1600 talet.
Eigaren på Vågsberget hadde handels-privelegium frå kongen med einerett til handel med ei rekkje varer. 
Folk i nærområdet kom lett i gjeld til handelsmannen. Privelegiet fall bort etter 1814. 

Har du lyst å lære meir om den spanande historia til handelsstaden Vågsberget, så held Kystmuseet ope her i sommarsesongen med guida omvisning i dei historiske husa, og utstilling og kafé i driftsbygningen.
Utanom sesongen kan grupper gjere avtale om omvisning med Kystmuseet, og du kan leige lokale
til møter og selskap. 

Planlegg ditt besøk

Adresse

Vågsvåg,
6700 Vågsøy
Tlf: +47 57 74 22 33

ksf@misf.no

Opningstider

23-jun.-20.aug. Torsdag til søndag Kl 12-18


Billettprisar

Vaksne NOK 50,-
Born 0-18 år Gratis

For meir informasjon besøk Kystmuseet sin nettstad. www.kyst.museum.no/vaagsberget