Sogn Fjordmuseum

SOGN FJORDMUSEUM

Sogn Fjordmuseum ligg ved Kaupanger fergekai, nede ved Sognefjorden - Noregs lengste og djupaste fjord. Her får du lære om kor viktig Sognefjorden var i eldre tider både som matfat og ferdselsåre. Fjorden var ein føresetnad for levemåten og busetnaden i Sogn. 

Ved Sogn Fjordmuseum får du ei flott oppleving av fjordkulturen. Her er ei eineståande samling samling av båtar frå Sogn. Her er og ein rekonstruert båtbyggjarverkstad og reiskapar for båtbygging. Dessutan finn ein tradisjonelle fiskereiskapar og anna utstyr knytt til den gamle fjordkulturen. 

Her ligg også Glaværstova, ei gamal skjenkestove frå Glavær  i Gulen, med Sogn sin eldste bar. Museumskafé og butikk 

Planlegg ditt besøk

Adresse

Kaupanger
6854 Kaupanger
Tlf: +47 47 45 29 33

dhs-sf@misf.no


Opningstider

Juni, juli og august Alle dagar Kl 10-17


Billettprisar:

Fri inngang

For meir informasjon besøk museet sin nettstad.