NORDFJORD FOLKEMUSEUM

Nordfjord Folkemuseum på Sandane vil du få eit innblikk i historia til regionen, med eit spesielt fokus på vasskraft og jektefart.

Friluftsmuseet består av 44 antikvariske bygningar frå 1600-, 1700- og 1800-talet. Bygningssamlinga inneheld stover og stabbur, eldhus, låver og fjøs, stall og støyl, hunde- og hønsehus, samt ei skulestove og et fargeri. Museet har tematisk ansvar for vasskraft i Sogn og Fjordane og fungerande kvernhus, stampe, sag og hjulhus ligg langs elva knytt saman av dammar og renner.

Ved fjorden like utanfor Sandane sentrum finn du museumsfartøyet Holvikejekta bygd i 1881. Den 20 meter lange båten er den einaste av dei store norske fraktejektene som er bevart i original stand.

I administrasjons- og utstillingsbygget er det skiftande utstillingar, museumsbutikk og enkel kafé.

I sommarsesongen er det omvisning i friluftsmuseet kvar dag kl 13.

Planlegg ditt besøk

Adresse

Gota 16
6823 Sandane
Tlf: +47 57 88 45 40

nfm@misf.no
 

Opningstider

Resten av året  Måndag-fredag og sun Kl 11-15
16. juni – 15. september Alle dagar Kl 11-17

Billettprisar

Vaksne NOK 70,-
Born 0-6 år Gratis
Born 7-18 år NOK 40,-
Grupper * NOK 70,-

* Må bestillast på førehand 

For meir informasjon besøk museet sin nettstad.