Pressemelding: Mange besøkte musea i 2016

Mange besøkte Musea i Sogn og Fjordane i 2016

Musea i Sogn og Fjordane hadde i 2016 det beste besøkstalet sidan 2012, med eit samla besøkstal på 64.028 besøkande! Auken frå 2015 er på 4,8%, som også var eit godt år. Vi ser og at fleire av våre besøksstader har god utvikling i 2016. Spesielt gledeleg er det at andelen betalande gjestar har auka med 21% i 2016 samla sett i Musea i Sogn og Fjordane seier marknadskonsulent Torunn Skarstad.

Den største auken hadde De Heibergske Samlinger- Sogn Folkemuseum (DHS-SF) med ein auke på heile 28,7%. Auken kjem mellom av at det har vore mykje turistar i regionen. Dei har hatt ein fin auke av turoperatørgrupper spesielt frå det britiske marknaden. Dei har hatt eit godt samarbeid med Visit Sognefjord, og har utvikla gode pakkar som har vore godt motteke på marknaden. Dei har og styrka den lokale marknadsføringa som har gitt god effekt. Norsk Reiselivsmuseum opna i 2016 med i overkant av 5700 besøkande som og forklarer noko av den positive utviklinga.

Kvernsteinsparken har tal på same nivå som i 2015, som var eit rekordår for Kvernsteinsparken. Det nye på Kvernsteinsparken i år, var at dei og hadde grisar på området, dette var særs populært blant lokalbefolkninga. Publikum er og godt fornøgd med dei guida turane i Kvernsteinsparken med lokale ungdommar, besøkande får og lage klebersteinssmykke, kornmaling og baking av brød over bål. Dei har og hatt mange arrangement gjennom året, der Kversteinsmarknaden er det største med heile 500 deltakarar (publikum og utstillarar).

Nordfjord Folkemuseum har hatt ein auke på nærare 260 besøkande. Nordfjord Folkemuseum fekk i 2016 ny direktør, som har prøvd ut nye opplegg som var vore vellukka. Dei har gjennomført eigne arrangement gjennom heile året som fleire utstillingar, foredrag og utstillingsopningar. Nordfjord Folkemuseum har og utvida opningstidene, og har no søndagsope gjennom heile året. Dei har og samarbeid med Jeremias festivalen, Gloppen Musikkfest og Norsk Countrytreff.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum hadde ein nedgang som skuldast anna driftsopplegg ved Sogn Kunstsenter, i tillegg var det same utstilling der som året før. Astruptunet har fin auke, så vi ser effekt av lanseringa internasjonalt i 2016. Anders Svor Museum og Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde har begge ein mindre nedgang.

For Sunnfjord Museum er det ein tilbakegang på årsbasis på 600 besøkande. Dei hadde ein god sommarsesong, med god auke samanlikna med 2015. Nedgangen kjem i hovudsak av nedgang i haustsesongen. 

Kystmuseet i Sogn og Fjordane: nedgangen skuldast i hovudsak reduksjon i cruisetrafikken i Florø. Dårleg vér sommaren 2016 forklarar også ein del av det dårlege besøkstalet for enkeltbesøkande vaksne både på Vågsberget og i Florø. Skiltinga til museet i Florø er og utfordrande med tanke på tilreisande, vi har no sendt ein søknad om betra skilting til Statens Vegvesen. I 2016 ha det og vore anleggsarbeid ved Kystmuseet, som

førte til at dei ikkje kunne gå ut med eit like godt tilbod som tidlegare.

Musea i Sogn og Fjordane jobbar og aktivt med å bli meir synlege for dei tilreisande med tiltak som betre skilting og meir felles marknadsføring av alle våre besøksstader, som vi håper vil gje effekt framover.