Ledig stilling

 

Det er ledig stilling som:

Avdelingsleiar ved Norsk Reiselivsmuseum

Avdelingsleiar har det daglege ansvaret for drifta ved avdelinga.
Vi søkjer ein strukturert og resultatorientert  person med evne til å motivere og byggje nettverk. Viktige mål for Norsk Reiselivs-museum er å byggje opp eit nasjonalt dokumentasjonssenter om reiselivet og vidareutvikle museet til eit spennande og attraktivt  reisemål.

Kompetanse og kvalifikasjonar

·         Høgare utdanning innan relevante fagområde

·         Relevant praksis, drifts- og leiarerfaring vert vektlagt

·         Gode data- og språkkunnskap

Personlege eigenskapar

•         Målretta og strukturert

•         God på kommunikasjon og evna å motivere og engasjere medarbeidarane

Stillingane blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum. God pensjonsordning. Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til avdelingsdirektør Aud Ross Solberg tel. 474 52 768 eller direktør Inge Bent Arnestad, tel. 959 72 144. Sjå elles www.misf.museum.no

Søknad med CV sendast til
Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane
eller til post@misf.museum.no
innan 17. mars 2017.
Søknad merkast «Avdelingsleiar NRM»

For full utlysning: /sites/sfj.museum.no/files/bilder/avdelingsleiar_norsk_reiselivsmuseum.pdf

 

De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum har no ledig stilling som
DRIFTSANSVARLEG/VAKTMEISTER

Vår driftsansvarleg går av med pensjon, og vi søkjer hans etterfølgjer i 100% fast stilling frå 1.juli 2017. Driftsansvarleg har ansvar for drift og vedlikehald av museet sine drifts-bygningar, brannvarslings- og innbrotsalarmanlegg, VVS-anlegg, samt drift og vedlikehald av uteområde og eigedomar utanfor museumsområdet. Vedkommande må også rekna med å ta del i arbeid med gjenstandar.

Kompetanse og kvalifikasjonar

·       Vi søkjer etter ein person som er allsidig og fleksibel 

·       Kompetanse innan byggtekniske fag

·       Erfaring med vedlikehald av bygg og anna førefallande arbeid

·       Gode datakunnskap

Vi søkjer ein person som har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert, og som er lett å samarbeide med.
Stillinga blir løna etter avtale, basert på Landsovereinskomsten for Museum (Virke) . God pensjonsordning.
Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å vende seg til avdelingsdirektør Aud Ross Solberg tlf. 474 52 768.

Søknad med CV sendast til post@misf.museum.no, eller til Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane innan 5. mars 2017

Søknad merkast «Driftsansvarleg/vaktmeister DHS-SF»

Full utlysningstekst: /sites/sfj.museum.no/files/bilder/2017_annonse_driftsansvarlegvaktmester_just.pdf

 

 

 

 

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane
Epost: post@misf.museum.no Tlf.: 990 94 777 Org.nr. 994 179 136
Bankkonto: 3705 16 96647 IBAN: NO6137051696647 SWIFT: SOFJNO22
Faktura på epost: faktura@misf.no